Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Kaffelag med donert marsipankake

Jon Olav Ørsal Torsdag 16. mai 2024

Da Todalen bygdelag arrangerte påskequiz vart andrepremien som var ein pengepremie donet til Kaffekroken.  I dag troppa Svein Håvard Brøndbo opp med marsipankake til gjestane i Kaffekroken, og da var det sjølvsagt «førstemann til mølla», der det vart kakeservering til dei som var på rett plass til rett tid – og det var Eivind Grønmyr og Ragnar Halle som var først ute. 

På bilder sørger leiar i Todalen Bøgdalag, Svein Håvard Brøndbo, for servering da Matkronen opna butikken i dag tidleg.  


Vårsøghelga – heidrar Alf Ramsøy og Edvard Fliflet Bræin

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 16. mai 2024

I ei pressemelding frå Vårsøghelga no på føremiddagen, blir vi informert om at søndag 26. mai klokka 12:00, blir ei markering av Alf Ramsøy og Edvard Fliflet Bræin, som båe ville ha fylt 100 år i 2024. Dette skjer på på Åsen bygdemuseum. Billettar blir selt ved inngangen, og kostar kroner 150,-.

Les heile saka


Biltog og 17. maifrokost

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 16. mai 2024

Todalen Idrettslag og Todalen bøgdalag inviterer, som tidlegare omtala til 17. maifeiring i Todalen. Det meste er tradisjonelt, der Nasjonaldagsfeiringa startar med biltog frå Matkroken Todalen klokka 10:00, og påfølgande frokost og kaffe med kaker i Todalen ungdomshus klokka 11:00. Ei endring i år i høve til tidlegare år, er at det ikkje blir folketog etter kyrkja. 

Les heile saka

Sesongopning i Svinviksarboret laurdag 18. mai

Bjørn Gunnar Ansnes Torsdag 16. mai 2024

Laurdag 18.mai opnar klokka 11:00 er det sesongopning i Svinviks arboret. Da opnar hageporten og kafedøra for besøkande att! Arboretet held også ope søndag 19. mai og måndag 20. mai, altså heile pinsehelga.

Les heile saka

Soknerådet minner om gudstenesta på 17. mai

Jon Olav Ørsal Onsdag 15. mai 2024

OSoknerådet minner om gudstenesta i Todalen kyrkje på nasjonaldagen 17. mai.  Gudstenesta er ein del av det offisielle programmet og startar kl. 14:00
Vikarprest Torbjørn Brøske er liturg, og vikar for organisten er Bernt Bø.  Takkoffer går til Todalen sanitetsforening denne dagen. Soknerådet byr på kyrkjekaffe etter gudstenersta.
Dersom du vil øve på salmesongen så er det følgande salar som blir bruka under gudstenesta:

  • Fagert er landet
  • No livnar det i lundar
  • Noen må våke i verdens natt
  • Gud signe vårt dyre fedreland

Fjellgruppa med skikkeleg finvêrstur til Solemsetra

Bjørn Gunnar Ansnes Onsdag 15. mai 2024

I går hadde Fjellgruppa i Surnadal Pensjonistlag invitert til fjelltur til Solemsetra, og det vart ein skikkeleg fin tur med finvêr og god temperatur for dei 30 som var med. Som vanleg var det oppmøte på parkeringsplassen nedanfor Øye kyrkje, og samkøyring til Flessen og Oppistua Solem, der dei parkerte.

Les heile saka

Nytt og flott vårmagasin i postkassen onsdag

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. mai 2024

Onsdag eller torsdag går det nye vårmagasinet i postkassane i eit større opplag enn nokon gong. Stig Husby i Amfi Kreativ fortel av dette er ei storsatsing, og rundt 15.000 eksemplar blir distribuert. Nytt i år er at Oppdal og Rennebu er med – elles er Sunndal, Nesset, Tingvoll, Smøla, Tustna, Heim, Orkland og sjølvsagt Rindal og Surnadal.  -Vi føler at vi treng å vise fram no, fordi at det er veldig mykje på gang her på heimebane – ikkje minst for å presentere eit omfattande program for «Midtsommar i Surnadal». Magasinet brukar heile 52 sider på å presentere næringslivet og folk i farta, så her må alle finne noko som interesserer.

Les heile saka

Ekspert på gode råd til sjølvhjelp

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. mai 2024

Einy Rendal Elgsæther var skeptisk da ho såg at Surnadal kommune skulle kome rundt til dei eldre i kommunen på heimebesøk.  Ho var redd det var eit tilsyn, som kunne kome med pålegg om både det eine og det andre. Var eigentleg litt redd for å få kritikk for manglande tiltak. Svindelforsøk var også i tankane til Einy, men der tok ho grundig feil.

Les heile saka

Måndagstrimmen på sykkel

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. mai 2024

Kvar måndagskveld er det trim for denne gjengen – vinters tid skjer det på «Hett & Svett» eller på Tjønnmyran, men på slike fine kveldar som i går kveld så tek dei sykkelen og langdevegen fatt. I går kveld gjekk turen først rundt bygda om Bruset, og så vidare utover strandavegen til rasteplassen.  Tilsammen rund 20 km totalt – og passeleg kveldstrim.

Les heile saka


Tradisjonell brannøving utan eld…

Jon Olav Ørsal Tysdag 14. mai 2024

Måndag kveld hadde brannlaget i Todalen brannøving med funksjonstest på utstyret.  Det har etter kvart vorte tradisjon at brannlaget i Todalen kombinerer vårens brannøving med å spyle og reingjere plassen mellom fabrikken og butikken til 17. mai.  Det er faktisk viktig at utstyret virkar når det verkeleg gjelder, og det vart testa ut måndag kveld.

Les heile saka