Milevis unna klikkhysteriet: Ei lokalavis til å bli klok av

I ei klikkstyrt mediaverd, fylt av fordummande lokketitlar og banale historier om ingenting, har eg fått ein ny lokalavisfavoritt: Todalen.no. Midt i all støyen er denne nettstaden ein befriande oase, fylt av relevant informasjon og det som ein gong var den klassiske lokalavisjournalistikken.

Todalen.no vart starta i 2009, og har opparbeidd seg ein posisjon som ei viktig nyheitskjelde for fastbuande, utflytta todalingar og andre interesserte. Sjølv høyrer eg til kategorien «andre interesserte». Eg er oppvaksen ikkje så veldig langt unna Todalen, og kjenner mange av dei som bur i bygda. Som gutunge var eg ofte på fotballkamp på Bordholmen. Far min var i si tid med på å starte fotballaget i Bøfjorden. Oppgjera mellom Bøfjord og Todalen på 60-talet var klassiske bataljer. Det høyrer også med til historia at eg har ein liten skvett todalsblod i årene. Ein av oldefedrane mine kom frå Hyllnesbukta.

Det er fleire grunnar til at det er interessant å lese todalen.no. For ein gammal pressemann er det kjekt å registrere kor tiltalande todalen.no framstår. Nettsida er ryddig, oversiktleg og fri for glorete sensasjonsoppslag. Innhaldet ligg etter mi vurdering jamnt over på eit veldig bra nivå. Samanlikna med dei andre avisene i distriktet, er det lite slurv og skrivefeil å finne på todalen.no.

Her er det heller ikkje berre kvalitet, men også kvantitet. Det blir publisert imponerande mykje lokalstoff på todalen.no. I tillegg til dei redaksjonelle artiklane kjem ein fyldig aktivitetskalender, «Dagens foto» og lenker til anna informasjon om Todalen.

Todalen.no speglar eit aktivt bygdesamfunn. Sjølv for den som bur eit stykke unna, er det triveleg å lese om alt det positive som kjem ut av samhaldet og tiltakslysta i bygda. Målet for alle dei lokalavisene eg kjenner til, er å fungere som eit lim i lokalsamfunnet. Todalen.no har meir enn del fleste forstått kva denne oppgåva går ut på.

Eg slutta som avisredaktør akkurat da lokketitlane for alvor gjorde sitt inntog også i lokalpressa. Det er eg glad for. Ein lokketittel skal seie minst mogleg for å gjere lesaren så nysgjerrig at han klikkar seg inn i saka. Innhaldsutviklarane i mediakonserna forar redaksjonane med dokumentasjon på at dette fjaset faktisk verkar. Det er ingen grunn til å tvile på at dei har rett. Likevel finst det aviser som viser at også andre vegar fører fram til stadig høgare opplagsmål. Gode døme er Aftenposten, Klassekampen, Morgenbladet og Dag og Tid.

På meg verkar desse nymotens titlane heilt mot si hensikt. Eg klikkar ikkje, men blir derimot oppgitt, provosert og skrollar i reint trass vidare. Redaksjonen i todalen.no held seg heldigvis langt unna denne grøfta.

For moro skuld har eg gått gjennom ein del overskrifter på todalen.no, og oversett dei til det som no er det moderne tittelspråket. Originalen ligg øvst – den tenkte versjonen på lina under i kursiv.

Bli med på «salmesus» i Stangvik
Her kan du oppleve salmesus

Sikringsarbeid i Falla
Sikringsarbeid pågår. Sjå kvar

Ola J. Nordvik attvalt som leiar i Nordvik Grendalag
Dette grendalaget har fått ny leiar

Ei kjempe har gått overende
Sjå kven som ikkje tolte stormen

Stortåillå fekk skyss fram til bilveg – det skjedde med gravemaskin
Stort tre fekk skyss fram til bilveg – slik skjedde det

Fjellkveld i Stangvik fredag
Her blir det fjellkveld. Sjå kvar

Kvanne – Røkkum: Normal drift frå 15.20
Kvanne – Røkkum tilbake til normal drift. Sjå når

Ny buss på Todalsruta
Sjå kven som har fått ny buss

Medlemskontingenten for 2024 på veg
Post frå idrettslaget i vente: Sjå kva som er på veg

Gudteneste i Todalen kyrkje søndag
Her blir det gudsteneste. Sjå når

Talgø – vinner av årets messestand hos XL-Bygg
Lokal bedrift vant pris på messe

Ja, slik har det vorte. Det er triste greier. Eg føler meg undervurdert som lesar. Titlane i kursiv hadde dessverre glidd rett inn på framsida på dei fleste av dei etablerte nettavisene både lokalt og nasjonalt.

Eg håpar og trur at redaksjonen i todalen.no blir ved sin lest, er tru mot konseptet sitt og held fram som dei stemnar. Når eg har vorte fast lesar av todalen.no, er det fordi eg her finn ein type lokalavisjournalistikk som gjer meg litt klokare, meir opplyst og i enda betre lune enn eg var før eg klikka meg inn på sida.

Lykke til vidare.

Kommenter innlegget