Kan Faktisk bli ein faktasuksess?

Runar Bjørkvik Mæland
Publisert
Oppdatert 04.06.2017 19:06

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Svaret på problemet med falske nyhende, er sterke og uavhengige medium med faktabasert journalistikk og høgt truverde, sa sjefredaktør i VG, Gard Steiro i ei pressemelding då han lanserte faktasjekktenesta Faktisk i samarbeid med Dagbladet og NRK forrige veke.

Reaksjonane på den nye satsinga, som skal vera oppe og gå før sommaren, har i stor grad vore positive. Med unntak av nokre kritiske røyster frå eit stykke utpå venstre- og høgresida, synest dei fleste å vera samde om at grundig faktasjekk kan bidra til eit meir opplyst offentleg ordskifte.

BAKGRUNN: Samarbeider mot falske nyhende

Men er denne optimismen realistisk? I USA har det såkalla postfaktasamfunnet, med sine alternative fakta og fake news, vunne fram trass i at landet ifølgje Reporters’ Lab har fleire faktasjekksider enn nokon andre.

Er folk eigentleg villige til å endra meining om ei faktasjekkside seier at dei har tatt feil? Eller det kanskje slik at dei som ikkje stoler på ekspertar og tradisjonelle media i utgangspunktet, heller ikkje er mottakelege for faktasjekken?

Her trengst det ein faktasjekk.

Forskinga som er gjort på effekten av faktasjekk, gir sprikande svar.

Nokre studiar gir grunn til å dempa forventingane:

• I ein kjend amerikansk studie frå 2010 fekk folk lesa fiktive nyhendeartiklar med ein usann påstand frå president Bush og ei retting frå journalisten som påpeikte fakta. Resultatet var at dei som støtta presidenten i utgangspunktet, blei styrkte i trua si på at presidenten hadde rett etter å ha lese artikkelen med rettinga. (Merk at i denne studien kom rettinga frå journalisten, ikkje frå uavhengige faktasjekksider.)

• Også ein seinare gjennomgang av forskinga på feltet viser at rettingar av feilaktige påstandar i media i liten grad er effektive når det gjeld å korrigera misoppfatningane folk sit med.

Andre studiar viser at faktasjekk kan ha positiv effekt:

• Under den amerikanske valkampen i 2012 fann forskarar ut at faktasjekk kunne få folk til å bli meir skeptiske til misvisande påstandar i negative politiske reklamar. Effekten var størst blant dei som i utgangspunktet var kritiske til negative reklamar, eller som var positive til politikarane som blei kritiserte i reklamane.

• Under den same valkampen gjorde andre forskarar eit felteksperiment der dei sendte brev til ei gruppe kandidatar ved valet. I brevet åtvara dei om at politikarane ville bli faktasjekka, og at dette kunne få negative følgjer for dei som blei tatt i løgn. Resultatet: Færre av politikarane som fekk brev blei tatt i faktasjekk samanlikna med dei som ikkje fekk brev.

• Ein seinare studie viste også at faktasjekk påverka korleis forsøkspersonane oppfatta ei fiktiv utsegn frå ein politikar, men effekten var svært liten i dei tilfella der folk støtta partiet som politikaren representerte.

– Me veit enno lite
Samla sett er det grunn til å tru at faktasjekk kan ha ein positiv, men avgrensa effekt, som er avhengig av kven som les faktasjekken og kva dei tar med seg av kunnskapar og meiningar når dei tolkar informasjonen.

SINTEF-forskar Petter Bae Brandtzæg, som sjølv har forska på faktasjekktenester dei siste åra, peikar på eit typisk problem: Faktasjekken når ofte ikkje gjennom til dei som kanskje treng han mest.

– Noko forsking peikar på at faktasjekking er sett på som meir positivt av dei med høg politisk kunnskap. Samstundes viser det seg at faktasjekkarar i liten grad klarer å redusere framståande misoppfatningar blant utsette grupper, og kan under visse omstende gjere dei verre, seier Brandtzæg i ein epost til Framtida.no, og understrekar samstundes at me enno veit lite om temaet.

LES OGSÅ: – Veljarane anar ikkje kva dei snakkar om, seier amerikansk filosof

– Tillit er avgjerande
Forskinga Brandtzæg og kollegaen Asbjørn Følstad har gjort, handlar om i kva grad faktasjekksider blir oppfatta som truverdige. I ein fersk studie har dei sett på korleis folk i sosiale medium, bloggar og nettforum omtalar tre typiske sider: amerikanske Snopes og FactCheck samt ukrainske StopFake.

Eit tydeleg funn er at mange av dei som er kritiske til sidene, oppfattar dei som partiske: ikkje som ein nøytral domar på sidelina, men som ein spelar i kampen om sanninga. Dermed er det også lett for folk å avfeia informasjonen dei kjem.

– Det me ser, er at publikums tillit til tenesta er heilt avgjerande for å lykkast, om ikkje [tenesta har tillit] blir ho berre oppfatta som ein aktør i informasjonskrigen som held på, forklarar forskaren.

Vil ha publikum ivolvert
Basert på lærdomane frå forskinga, har Brandtzæg ei rekkje råd til korleis ei ny faktasjekk-teneste som Faktisk kan oppnå den nødvendige tilliten frå publikum:

• Tenesta må vera tydeleg på at ho er uavhengig.

• Ho må vera open om eigarskap og finansiering.

• Må også ha full openheit om sjølve faktasjekk-prosessen, altså kvifor og korleis ei sak blir faktasjekka.

• Representantar for tenesta må vera tilgjengelege i sosiale medium og delta i diskusjonen.

• Ein bør også vurdere å invitere inn publikum til å delta, så ein ikkje kan bli kritisert for ein ovanfrå og ned-prosess.

Detbatt om fakta
Brandtzæg er uansett positiv til rolla Faktisk kan spele når stortingsvalkampen snart brakar laus for alvor.

– Faktisk vil tvillaust skape debatt rundt fakta, og kva som er fakta. Dette kan vera skjerpande og bra for den norske offentlegheita og sjølve diskusjonen i valkampen.

Det har ikkje lukkast for Framtida.no å få ein kommentar frå Faktisk.

LES OGSÅ: Facebook utestenger falske nyheitsnettsider