Ekspertkommentar

Ugrei utgreiing frå Høgsterett. Kommentar til Høgsteretts betenkning til Stortinget (HR-2021-655-P)

Ugrei utgreiing frå Høgsterett. Kommentar til Høgsteretts betenkning til Stortinget (HR-2021-655-P)
FLERTALLSFARE: Grunnlovens paragraf 115 er nå utan mening og EU-land med kortare demokratiske tradisjonar enn Noreg kan bruke Høgsteretts betenkning til å argumentere for at rene fleirtall kan overstyre mindretallsvern, skrivar Eirik Holmøyvik og Christoffer Conrad Eriksen. Bildet viser Viktor Orban, statsminister i EU-landet Ungarn, som er kjent som EU-skeptisk og som er møtt av massiv kritikk for å sette landets rettsstat til side. Foto: Flickr / European People's Party
Lesetid ca. 16 minutter

I denne ekspertkommentaren kritiserer jussprofessorene Eirik Holmøyvik og Christoffer Conrad Eriksen Høgsteretts svar til Stortinget i den rettshistoriske betenkningen som Stortinget ba om før jul, og fekk før påske. Det er første gang sidan 1945 at Stortinget har bedt om noko slikt frå den øvste domstolen i landet, og Juridika Innsikt har omtalt han som Høgsteretts konstitusjonelle kattepine fordi Høgsteretts ikkje ønsker å dragast inn i politikk. Holmøyvik og Eriksen skriv i kommentaren sin at Høgsteretts betenkning er lite informativ, og sirkelargumenterer: Stortingets praksis er i samsvar med Grunnloven, fordi han er Stortingets praksis. Grunnlovens paragraf 115 er nu utan meining, skriv dei, og åtvarer at EU-land med kortare demokratiske tradisjonar enn Noreg kan bruke betenkningen til å argumentere for at reine fleirtal kan overstyre mindretalsvern.

Det siste Høgsterett gjorde før domstolen tok påskeferie var å levere den mykje omtala utgreiinga til Stortinget i samband med tilslutninga til EUs fjerde jarnbanepakke (HR-2021-655-P). At Høgsterett valde å følge regjeringas grunnlovstolking, var ikkje det mest overraskande med utgreiinga. Ein samla Høgsterett gav full støtte til at Stortinget, gjennom eit vanleg fleirtalsvedtak etter Grunnlova § 26 andre ledd, kan overføre kompetanse til ein internasjonal organisasjon ved å gjere vedtak med direkte verknad i Noreg både av lovgivande, utøvande og dømande karakter. Høgsterett tolka Grunnlova slik at Stortinget kan gjere slike vedtak, så lenge suverenitetsoverføringa er såkalla «lite inngripende». Sjølv om Grunnlova § 26 andre ledd ikkje inneheld noko slikt vilkår, meinte Høgsterett at Stortingets lange praksis måtte ha avgjerande vekt ved tolkinga av Grunnlova. Når det gjaldt den konkrete overføringa av vedtakskompetanse til EU-kommisjonen, EUs jarnbanebyrå (ERA) og EU-domstolen, meinte Høgsterett at denne var «lite inngripende». 

Høgsterett tolka Grunnlova slik at Stortinget kan gjere slike vedtak, så lenge suverenitetsoverføringa er såkalla «lite inngripende». Sjølv om Grunnlova § 26 andre ledd i ikkje inneheld noko slikt vilkår, meinte Høgsterett at Stortingets lange praksis måtte ha avgjerande vekt ved tolkinga av Grunnlova.

Til skilnad frå regjeringa meinte Høgsterett at det var tale om ei noko meir omfattande suverenitetsoverføring. Likevel var den altså «lite inngripende». Høgsterett trakk altså elastisiteten i dette vilkåret enno lenger enn regjeringa. Vi har sjølvsagt stor respekt for Høgsteretts formelle kompetanse til å avklare omstridde rettsspørsmål. Likevel må vi medgi at vi er fint lite imponerte over den faglege kvaliteten på utgreiinga til Høgsterett. Ho er metodisk svak, materielt mangelfull og inneheld oppsiktsvekkande påstandar om grunnlovstolking av generell karakter som etterlét fleire spørsmål enn dei gir svar.

Ugrei utgreiing frå Høgsterett. Kommentar til Høgsteretts betenkning til Stortinget (HR-2021-655-P)
Om forfatterne
Christoffer C. Eriksen, (t.v) professor ved Institutt for offentlig rett ved Det juridiske fakultet i Oslo. Tidligere advokat og visiting scholar ved Columbia Law School. Eriksen er utdannet jurist, men også filosof. Doktorgradsavhandling på EU-rettens legitimitet og dens innvirkning på velferdsstatenes styringsteknikker. Forfatter av blant annet bøkene: Kritikk. Konfrontasjoner med rett og makt og The European Constitution, Welfare States and Democracy. Eriksen var medlem av det regjeringsoppnevnte utvalget som evaluerte Norges rolle i operasjonene i Libya i 2011 («Libya-utvalget»). Han er fagansvarlig for faget Juridisk metode og hovedredaktør for det nordiske juridiske tidsskriftet Retfærd.
Eirik Holmøyvik, professor ved Det juridiske fakultet i Bergen. Arbeider hovedsaklig med konstitusjonell rett. Forfatter av blant annet Tolkingar av Grunnlova. Om forfatningsutviklinga 1814-2014 og om Grunnloven. Medlem av Grunnlovspråkutvalget, Valglovutvalget ( ny valglov) og utvalget som skal utrede Stortingets kontrollfunksjon. Møtende norsk varamedlem i European Commission for Democracy through Law (Veneziakommisjonen), som rådgir statene i Europarådet i grunnlovsspørsmål.
.

Strikken vart trekt lenger

I motsetnad til samferdselsminister Knut Arild Hareide, som i brev til Stortinget har skrive at det med EUs fjerde jarnbanepakke ikkje skjer noko «overføring av myndighet til Kommisjonen», stadfesta Høgsterett at det er mogleg for Kommisjonen å fastsetje regelverk som «kan bli gjort gjeldende i Norge før regelverket er blitt del av EØS-avtalen.» Sjølv om det talte mot at suverenitetsoverføringa var lite inngripande, var ho framleis «lite inngripende» for Høgsterett. 

Til skilnad frå regjeringa meinte Høgsterett at det var tale om ei noko meir omfattande suverenitetsoverføring.

Vidare var det eit moment i grunnlovsvurderinga til regjeringa at norske styresmakter hadde ein «stoppknapp» med innføring av den fjerde jarnbanepakken. Regjeringa meinte at Statens jernbanetilsyn framleis ville ha høve til å mellombels stogge togselskap i Noreg, «når sikkerhetsmessige hensyn krever det». Regjeringa erkjende at EUs jarnbanebyrå og klageorganet til dette kunne bestemme at mellombelse tiltak kunne suspenderast av EUs jarnbanebyrå og valdgiftsnemda til dette. Men etter ein suspensjon av mellombelse tiltak, meinte regjeringa at nasjonale styresmakter kunne vurdere på «nytt ut fra de konkrete omstendighetene om virksomheten drives på en sikker måte». Høgsterett meinte derimot at det ville kunne vere illojalt av norske styresmakter å gjeninnføre mellombelse tryggingstiltak på eit grunnlag som ein ikkje har vunne fram med i valdgiftsnemda. Og etter EØS-avtala artikkel 3, gjennomført som norsk lov med forrang framfor anna lovgiving, legg vi til at det ikkje er gitt at norsk forvaltning kan velje å opptre illojalt, sjølv om norske tryggingsomsyn skulle tilseie det. For Høgsterett var likevel heller ikkje denne avgrensinga i høvet til å trykke på «stoppknappen» eit tilstrekkeleg moment for å karakterisere suverenitetsoverføringa som meir enn «lite inngripende». Spørsmålet er no om regjeringa sluttar seg til Høgsteretts syn på «stoppknappen», og korrigerer dei opplysningane som den tidlegare har gitt til Stortinget, før Stortinget tek endeleg stilling i saka. 

Spørsmålet er no om regjeringa sluttar seg til Høgsteretts syn på «stoppknappen», og korrigerer dei opplysningane som den tidlegare har gitt til Stortinget, før Stortinget tek endeleg stilling i saka. 

Lite informativ utgreiing

Ser vi så på dei statsrettslege utgangspunkta i saka, er utgreiinga mindre informativ enn vi kunne håpe på. For at ei utgreiing om eit konstitusjonelt spørsmål av denne typen skal vere informativ for Stortinget, bør ho også peike på breiare metodiske og rettsstatlege konsekvensar av konklusjonen slik at Stortinget som grunnlovsgivar eventuelt kan bøte på manglar. Det må vere lov å seie at Høgsterett ikkje leverte på det siste. Brorparten av utgreiinga er ein lang historisk eksegese av velkjende forhold som aldri har vore omstridde. Det er brei semje om at skiftande og breie fleirtal på Stortinget, i alle fall sidan 1992, har bygd på at Grunnlova § 26 andre ledd opnar for «lite inngripende» suverenitetsoverføring. Det omstridde er den juridiske betydinga av denne praksisen til fortrengsel for § 115 og formkrava og mindretalsvernet der. Det reelle spørsmålet er om og på kva vilkår Stortinget utan å følgje formkrava for grunnlovsendring i § 121 kan endre, utvikle eller setje til side reglar i Grunnlova. Desse vanskelege problemstillingane spanderer Høgsterett berre 2,5 sider på. Desse sidene inneheld stort sett enkle slutningar, og hoppar attpåtil over det sentrale spørsmålet om konsekvensane for mindretalsretten i § 115.

Ugrei utgreiing frå Høgsterett. Kommentar til Høgsteretts betenkning til Stortinget (HR-2021-655-P)
Faksimile frå Innsikts omtale av betenkningen.

Det omstridde er den juridiske betydinga av denne praksisen til fortrengsel for § 115 og formkrava og mindretalsvernet der. Det reelle spørsmålet er om og på kva vilkår Stortinget utan å følgje formkrava for grunnlovsendring i § 121 kan endre, utvikle eller setje til side reglar i Grunnlova. Desse vanskelege problemstillingane spanderer Høgsterett berre 2,5 sider på. Desse sidene inneheld stort sett enkle slutningar, og hoppar attpåtil over det sentrale spørsmålet.

Høgsterettspraksis = rett

Høgsterett seier dei vil løyse rettsspørsmålet på grunnlag av «alminnelig juridisk metodelære». Mon det. Høgsterett har naturlegvis rett i at ein på statsrettens område legg vekt på Stortingets praksis for tolking av Grunnlova. Problemet er berre at Høgsterett ikkje gjer stort anna enn å vise til Stortingets praksis. Fordi Stortinget har tolka Grunnlova på ein bestemt måte, så må det vere uttrykk for gjeldande rett. Dersom Stortingets praksis til ei kvar tid var uttrykk for og bestemmande for gjeldande statsrett, hadde vi klart oss utan ei grunnlov og utan domstolar til å handheve ho. Men vanleg juridisk metode på statsrettens område er naturlegvis ikkje så enkel som Høgsterett gir inntrykk av. Her som på andre område er det vanleg å sjå føresegner i ei lov i samanheng. Det gjer knapt Høgsterett. I staden for å ta utgangspunkt i § 115, som er den føresegna som etter ordlyden regulerer spørsmålet om suverenitetsoverføring, tek Høgsterett utgangspunkt i Stortingets bruk av § 26 andre ledd. Med dette grepet kjem ordlyden og formkrava i § 115 i bakgrunnen. Det er grunn til å merke seg at då Stortinget førre gongen leverte ei utgreiing til Stortinget om tolkinga av Grunnlova, i 1945, la dommarane særleg vekt på systemet og samanhengen i Grunnlova framfor eventuell praksis frå Stortinget si side.

Ugrei utgreiing frå Høgsterett. Kommentar til Høgsteretts betenkning til Stortinget (HR-2021-655-P)
SKAPT DEBATT: Kronikken og poengene publisert tirsdag, var onsdag gjenstand for debatt på Dagsnytt 18. På bilde Eirik Holmøyvik t. h. Foto: Skjermdump fra NRK.

Dersom Stortingets praksis til ei kvar tid var uttrykk for og bestemmande for gjeldande statsrett, hadde vi klart oss utan ei grunnlov og utan domstolar til å handheve ho.

Etter vanleg juridisk metode må rettsbrukaren også vise til relevant rettspraksis og anna praksis både om generelle metodiske utgangspunkt og den konkrete løysinga av rettsspørsmålet. Her kunne det ha vore relevant å forklare Stortinget korleis denne saka skil seg frå Rt. 2010 s. 535 (Opplysningsvesenets fond), som også gjaldt forholdet mellom statsmaktene. Der heldt fleirtalet fast på den nesten 200 år gamle føresegna i Grunnlova § 116, trass i at eit klårt fleirtal på Stortinget meinte ho måtte tolkast innskrenkande for å sikre viktige samfunnsinteresser. Til skilnad frå Grunnlova § 116 er § 115 nesten 150 år yngre og viljen til grunnlovgivar er mykje klårare, men den yngre ordlyden vart altså likevel ikkje teken alvorleg. Høgsterett kunne også ha vurdert om Stortingets grunnlovtolking oppfylte visse kvalitetskrav, slik Høgsterett har gjort i andre saker (Rt. 2007 s. 1281 og Rt. 2007 s. 1308). Sidan det her er snakk om valet mellom to heimlar, kunne det også vore nærliggjande å spørje, som Høgsterett gjorde i Rt. 2010 s. 143 (Reieriskatt), om Stortinget har bygd på rett heimel framfor å leggje til grunn Stortingets praksis som sjølve heimelen.

Då Stortinget førre gongen leverte ei utgreiing til Stortinget om tolkinga av Grunnlova, i 1945, la dommarane særleg vekt på systemet og samanhengen i Grunnlova framfor eventuell praksis frå Stortinget si side

På statsrettens område er det òg relevant å skjele til dei underliggjande verdiane og føremåla som Grunnlova skal sikre. Nokre av desse verdiane er attpåtil slått fast i § 2 og Høgsterett er ikkje heilt framand frå å bruke dei i festtaler, artiklar, og seinast i ACER-avgjerda (HR-2021-417-P). I den sistnemnte saka vart «rettsstaten» i § 2 vist til som grunngiving for å gi ein organisasjon høve til å reise sak om Grunnlova § 26 andre ledd – spørsmålet var om lovføresegna gav heimel for norsk tilslutning til EUs energibyrå (ACER). Men «rettsstaten» i § 2 er lite verd om den berre skal fungere som prosessuelt middel til å opne dørene til domstolane, og ikkje som eit krav til domstolens løysning av materielle rettsspørsmål. Ein kunne difor tru at verdien «rettsstaten» var eit relevant tolkingsmoment i ei sak der Høgsterett tolkar vekk ein grunnlovbestemt mindretalsrett for opposisjonen. Det kunne også vore relevant å problematisere forholdet mellom Stortinget som grunnlovgivar etter § 121 og Stortingets legitime tolkingsrom som lovgivande makt etter § 26 andre ledd.

Ugrei utgreiing frå Høgsterett. Kommentar til Høgsteretts betenkning til Stortinget (HR-2021-655-P)
TOGBRY: Det er EUs felles jernbanepolitikk som skaper debatt om Noregs tilpassing. Foto: Togstasjon, Hordalan. Istockphoto.

For å kunne motverke inntrykket av at det i Noreg er heilt kurant at eit stortingsfleirtal tolkar bort grunnlovbestemte mindretalsrettar, kunne Høgsterett i det minste gjort som i Gullklausul-saka i 1962 (Rt. 1962 s. 369) og grunngitt ei radikal tolking av Grunnlova med omsynet til vitale samfunnsinteresser.

Det er ikkje sikkert at ei breiare og meir avansert metodisk tilnærming til spørsmålet måtte ha ført til ein annan konklusjon. Men det ville kunne ha gitt ein konklusjon som var fagleg meir tillitsvekkande enn Høgsteretts reduksjonistiske formel: praksis = rett. Vi vil tru at dei fleste med litt historisk kunnskap eller merksemd om hendingar utanfor Noreg i desse dagar, kan førestille seg farane med ein tolkingsmetode som stort sett byggjer på praksis frå det styrande om enn skiftande fleirtalet, og let denne gå føre formkrav og mindretalsrettar som følgjer klårt av ordlyden. Høgsterett set her ein lei presedens.

I det minste, for å kunne motverke inntrykket av at det i Noreg er heilt kurant at eit stortingsfleirtal tolkar bort grunnlovbestemte mindretalsrettar, kunne Høgsterett gjort som i Gullklausul-saka i 1962 (Rt. 1962 s. 369) og grunngitt ei radikal tolking av Grunnlova med omsynet til vitale samfunnsinteresser.

Paragraf 115 er no utan innhald

Etter utgreiinga til Høgsterett er no vedtaksforma i Grunnlova § 115 praktisk sett ut av kraft. Paragrafen står framleis i Grunnlova med tekst og det heile, men orda er no utan operativt juridisk innhald.

Høgsterett vil kanskje vere usamde, då dei brukar plass på å formane om at det går ei grense for kva som kan reknast som «lite inngripande» suverenitetsoverføring. Dette er ei meiningslaus øving som vitnar om manglande forståing for korleis konstitusjonelle formkrav fungerer i det verkelege livet og som berre er eigna å tilsløre realitetane. Realiteten er nemleg at det ikkje lenger finst ei meiningsfull operativ grense mellom lite inngripande vedtak med vanleg fleirtal etter § 26 andre ledd og kvalifisert fleirtal etter § 115.

Ein ting er at kriteriet «lite inngripende» er så fleksibelt og skjønsprega at det er ueigna som grunnlag for val mellom to vedtaksformer, då det lett kan bli praktisert vilkårleg. Ein klok høgsterettsdommar skreiv nyleg at klåre, tilgjengelege og føreseielege reglar er viktige for rettsstaten: «Uforståelige regler er knapt nok bedre enn hemmelige regler.»

Ugrei utgreiing frå Høgsterett. Kommentar til Høgsteretts betenkning til Stortinget (HR-2021-655-P)
RETTSHISTORIE: Stortinget har nyleg bedt Høgsterett om en såkalla "betenkning". Det var første gang sidan 1945.

Viktigare er det at mindretalet i ein situasjon som denne – der eit vanleg fleirtal og eit etter § 115 blokkerande mindretal er usamde om suverenitetsoverføringa er «lite inngripande» eller ikkje – ikkje har noko rettsleg høve til å sjølvstendig utøve mindretalsretten sin etter § 115. Etter Høgsteretts syn er det nemleg omfanget av suverenitetsoverføringa og arten av «de samfunnsmessige og politiske interessene som er berørt» som må «veie tyngst i vurderingen av om myndighetsoverføringen kan anses som lite inngripende». Eit mindretal som meiner at omfanget og arten av de samfunnsmessige og politiske interessene gjer suverenitetsoverføringa meir enn lite inngripande, har ingen gjennomslagskraft overfor eit fleirtal som er av eit anna syn. Ein mindretalsrett er berre meiningsfull dersom mindretalet kan aktivere han sjølv utan samtykke frå fleirtalet. Det er heller ikkje tilstrekkeleg at den juridiske vurderinga av om suverenitetsoverføringa er «lite inngripande», ofte blir gjort av Lovavdelinga. I ein rettsstat med maktfordeling kan ikkje ein parlamentarisk mindretalsrett for opposisjonen vere avhengig av vurderinga til eit regjeringsorgan.

Ein telefon til Utanriksdepartementet vil kunne fortelje Høgsterett at styresmaktene i land med tvilsam haldning til demokratiet og rettsstaten følgjer med på kva velutvikla demokrati som Noreg gjer.

Faktum er at den einaste reelle måten opposisjonen på Stortinget kan utøve mindretalsretten etter § 115 på, er at stortingsrepresentantar på eigen økonomisk risiko saksøker staten. Vi tør å påstå at det er nokså oppsiktsvekkande i ein rettsstat at grunnlovbestemte parlamentariske mindretalsrettar berre kan utøvast gjennom søksmål. Aldri før har vi vel gått lenger i retning av «amerikanisering» av norsk politikk, når dei konstitusjonelle rettsreglane tvinger politiske parti til å utøve politikk gjennom søksmål.

Det kan godt vere at Stortinget i framtida gjer vedtak etter § 115, men då skjer det i røynda på grunnlag av avgjerda til eit vanleg stortingsfleirtal og ikkje på grunnlag av eit kvalifisert fleirtal. Mindretalet vil frå no av ikkje kunne tvinge gjennom eit vedtak etter § 115. Ei vurdering av § 115 i framtidige saker vil difor langt på veg berre vere eit spel for galleriet. 

Vi tør påstå at det er nokså oppsiktsvekkande i ein rettsstat at grunnlovbestemte parlamentariske mindretalsrettar berre kan utøvast gjennom søksmål. Aldri før har vi vel gått lenger i retning av «amerikanisering» av norsk politikk, når dei konstitusjonelle rettsreglane tvinger politiske parti til å utøve politikk gjennom søksmål.

Kva meiner så Høgsterett om problematikken med mindretalsretten i § 115? Det får vi ikkje vite noko om. Faktisk hoppar Høgsterett over heile spørsmålet. Vi meiner det er kritikkverdig av Høgsterett å ikkje gi Stortinget rettleiing i korleis det bør gripe an problemet med mindretalsretten. Grunnen er kanskje at Høgsterett ikkje har noko svar. Det beste hadde vore om Høgsterett opent og ærleg presiserte overfor Stortinget at konsekvensen av Stortingets praksis, var at mindretalsretten i § 115 var oppheva gjennom tolking. Enno betre kunne Høgsterett ha gjort det Høgsterett av og til gjer når rettstilstanden er utilfredsstillande, nemleg oppmoda Stortinget til å revidere § 115. Slik kunne Høgsterett gitt Stortinget eit insentiv til å gi ein klår heimel i Grunnlovas tekst som er tilpassa dagens norske tilknytingsform til EU. Alt dette kunne Høgsterett ha gjort, men gjorde det ikkje.

Oppsiktsvekkande tolkingsprinsipp

I utgreiinga byggjer Høgsterett også på oppsiktsvekkande tolkingsprinsipp som vi har vanskeleg å forstå at dommarane kan stå inne for utan reservasjonar. Problemet oppstår når Høgsterett forsøker å legitimere ei radikal tolking av Grunnlova på grunnlag av vanleg juridisk metode. Det er ingenting vanleg med ei tolking av Grunnlova som sett klåre formkrav og mindretalsrettar ut av kraft.

Som ei forklaring på kvifor ein heimel for suverenitetsoverføring kan følgje av § 26 andre ledd utan grunnlag i ordlyden, skriv Høgsterett:

«Når det så gjelder Høyesteretts syn på om § 26 annet ledd kan brukes til å samtykke i lite inngripende myndighetsoverføringer, er utgangspunktet at ordlyden – som fremholdt i punkt 3.2 – ikke gir svar på spørsmålet. Men ordlyden stenger ikke for en slik forståelse av bestemmelsen.»

Problemet oppstår når Høgsterett forsøker å legitimere ei radikal tolking av Grunnlova på grunnlag av vanleg juridisk metode.

Dette reservasjonslause utgangspunktet er metodisk svært problematisk. Høgsterett har naturlegvis rett i at ordlyden i § 26 andre ledd, som berre seier at Stortinget må samtykke i visse traktatar, ikkje eksplisitt stenger for at slike traktatar også kan medføre suverenitetsoverføring. Men det er å snu saka på hovudet. Det er jo § 115 og dei klåre formkrava etter ordlyden der som i så fall stenger for bruk av § 26 andre ledd i slike saker. Om vi prøvar Høgsteretts tolkingsmetode på andre spørsmål, ser vi kor gal den er. Ordlyden i § 26 andre ledd seier heller ingenting om at Stortinget ikkje kan samtykke i traktatar som strir mot eller gjer unnatak frå andre føresegner i Grunnlova. På same vis seier § 75 heller ingenting om at Stortinget ikkje kan gi lover som strir i mot eller gjer unnatak frå Grunnlova. Det er likevel sikker rett at noko slikt ligg utanfor Stortingets kompetanse utan å gjere eit grunnlovvedtak som oppfyller formkrava i § 121. Det same synspunktet må naturlegvis gjelde for dei særskilte formkrava i § 115. Om vi skal følgje logikken til Høgsterett, så kan også Stortinget ha kompetanse til å vedta grunnlovendrande traktatar og lover så lenge inngrepet i Grunnlova er «lite inngripande».

Som forklaring på at Stortinget gjennom tolking og altså utan grunnlovsendring kan gjere unnatak frå kravet til kvalifisert fleirtal i § 115, skriv Høgsterett: «Den rettspolitiske begrunnelsen ligger i at det bør være forholdsmessighet mellom sakens reelle betydning og valget mellom alminnelig og kvalifisert flertall.»

Elles grunnlovsstridige lovreformer blir legitimerte med fleirtalsmakt og særlege omstende. Dømet frå Noreg på at ein grunnlovbestemt mindretalsrett kan setjast ut av drift gjennom tolking på grunnlag av praksis, bør difor helst bli verande ein godt skjult norsk løyndom.

Også her uttrykker Høgsterett seg generelt og utan atterhald, som om krav om samhøve mellom sakas reelle betyding og krav om kvalifisert fleirtal skulle vere eit allment statsrettsleg prinsipp. Det er det naturlegvis ikkje. Kravet om kvalifisert fleirtal i § 115 var resultatet av eit hardt tilkjempa politisk kompromiss og var ein avgjerande føresetnad for at denne føresegna oppnådde grunnlovfleirtal i 1962. Også her vil ei prøving av argumentet på andre formkrav lett vise at det er uhaldbart. Mange grunnlovvedtak er reelt sett lite viktige, til dømes eit grunnlovsforslag om at Stortinget kan tre saman ein månad tidlegare enn i dag, og for ikkje å snakke om reint språklege endringar. Det er likevel ingen som har meint at Stortinget kan sjå vekk i frå formkrava i § 121 med krav om kvalifisert fleirtal og mellomliggjande val for slike «lite inngripande» grunnlovsendringar. Og motsett gjer Stortinget årleg mange lov- og budsjettvedtak etter § 75 som er langt viktigare enn dei aller fleste både § 115-vedtak og § 121-vedtak, men utan at nokon meiner at slike § 75-vedtak krev kvalifisert fleirtal grunna innhaldet. Høgsterett gir heller ikkje rettleiing i kva fleirtalskrav som skal gjelde i dei tilfella der det skulle vere politisk usemje om den reelle betydinga til saka.

Vi vil sterkt åtvare mot å omsetje denne utgreiinga til engelsk.

Korleis utgreiinga (ikkje) ser ut frå eit europeisk perspektiv

Dei siste åra har Høgsterett hatt ein ambisjon om å delta i dialogen mellom europeiske domstolar. I denne samanhengen omset Høgsterett viktige dommar til engelsk. Vi vil sterkt åtvare mot å omsetje denne utgreiinga til engelsk.

Ein telefon til Utanriksdepartementet vil kunne fortelje Høgsterett at styresmaktene i land med tvilsam haldning til demokratiet og rettsstaten følgjer med på kva velutvikla demokrati som Noreg gjer. Desse statane brukar alle våre feilsteg eller manglar mot oss for å legitimere eigne illiberale reformer. Dei av oss som i årevis har arbeidd med å handheve europeiske demokrati- og rettsstatsstandardar innanfor Europarådet, veit veldig godt at illiberale reformer ofte kjem kledd i komparativrettslege argument. Ein vestleg domstol som utan atterhald og reservasjonar sanksjonerer parlamentsfleirtalets praksis med å tolke vekk ein grunnlovbestemt mindretalsrett på eit politisk omstridd område, gjer i våre dagar regelrett skadeverk på det europeiske rettsstatsarbeidet. Det spelar i denne samanhengen ingen rolle om «alle» i Noreg er samde om at tolkinga er fornuftig.

I mange europeiske land er nettopp opposisjonens rettar i parlamentet under press. Ellers grunnlovsstridige lovreformer blir legitimerte med fleirtalsmakt og særlege omstende. Dømet frå Noreg på at ein grunnlovbestemt mindretalsrett kan setjast ut av drift gjennom tolking på grunnlag av praksis, bør difor helst bli verande ein godt skjult norsk løyndom.

Ein kortare versjon av denne kommentaren er publisert på Rett24 i dag.

Les mer EØS-rett på Juridika

Ugrei utgreiing frå Høgsterett. Kommentar til Høgsteretts betenkning til Stortinget (HR-2021-655-P)

Følg oss