Hopp til innhold

Jernberg, Popelka og KORK

NRK Store studio
torsdag 2. februar kl. 19.00
Direkte på NRK Klassisk eller følg strømmen her!

Kringkastingsorkestret
Petr Popelka, dirigent
Sofia Jernberg, vokal
Wolfgang Amadeus Mozart: Symfoni nr. 25 i g-moll
Sigurd Fischer Olsen: Hypnagogia for stemme og orkester (urframføring)
Antonín Dvorák: Symfoni nr. 6

Kringkastingsorkestret Petr Popelka, dirigent Sofia Jernberg, vokal Wolfgang Amadeus Mozart: Symfoni nr. 25 i g-moll Sigurd Fischer Olsen: Hypnagogia for stemme og orkester (urframføring) Antonín Dvorák: Symfoni nr. 6

Petr Popelka, dirigent
Sofia Jernberg, vokal

  • Wolfgang Amadeus Mozart: Symfoni nr. 25 i g-moll
  • Sigurd Fischer Olsen: Hypnagogia for stemme og orkester (urframføring)
  • Antonín Dvorák: Symfoni nr. 6

Sofia Jernberg er ein vokalkunstnar i ein heilt eigen klasse. Stemmeakrobatikken er imponerande nok, og ein kan lure på korleis ho faktisk klarer å lage dei lydane ho gjer «berre» med stemma. Mest av alt er den svenske musikaren umogleg å plassere i bås. Ho har jobba med eksperimenterande uttrykk i tallause sjangrar, samtidsmusikk, jazz, folkemusikk mm. Når ho no får eit nytt stykke skrive til seg og KORK av den norske komponisten Sigurd Fischer Olsen, veit vi at det blir heilt nye klangar i eit studio som elles har høyrt det meste.

Petr Popelka rammar inn urframføringa med Mozart og Dvorák. Mozart hadde allereie komme til nr. 25 av dei 41 symfoniane sine då han var 17 år. Den energiske symfonien er også den eine av to symfoniar han skreiv som er i dramatisk moll. Dette blir den fjerde symfonien som blir spelt inn i Mozart-prosjektet til KORK og Popelka. Vi vil påstå at Popelka + KORK + Mozart = sant.

Konserten blir avslutta med ein symfoni som faktisk ikkje blir spelt så ofte i Noreg, sjølv om han vart skriven i ein periode då Dvorák byrja å oppnå internasjonal merksemd. Med den unike melodiske åra si, tsjekkisk folklore og meisterleg forma i den romantiske symfoniske tradisjonen (særleg inspirert av mentoren Brahms) er dette ein symfoni som har sin sjølvsagd plass i konsertsalane.

BILLETTAR