Foto: Jo Gjeldnes
Hopp under nyhetssakene

Mann av huse for Gunnøydilten

Jon Olav Ørsal Fredag 19. april 2019

Gunnøydilten er det nye påsketrimalternativet, som faktisk har engasjert mesta heile bygda for å ut på trim. Med god hjelp av det fine påskevêret arrangerte TIL trimgruppa Gunnøydilten som eit alternativ til Kjerringdilten.  Gunnøydilten var slett ikkje tenkt som ein konkurrent til Kjerringdilten, men satsa på eit heilt anna publikum.

Honnør til Elinor, Lars og Anita som stod på for å traktere deltakarane med pølser, kaffe, saft og nystekte kanelsnurrar. Foto: Jon Olav Ørsal

Og det vart blink på første forsøk – over 150 namn hadde arrangøren på deltakarblokka da dei slo strek og runda av arrangementet. Men det var nok mange fleire som deltok, for registreringa var litt på slump i starten. I gapahuken i Gunnøya hadde Lars Kvendset, Anita Talgø og Elinor Bolme rigga seg til med pølse og kaffesalg til dei som stakk innom. Det fikk dei faktisk full respons på og det vart ei travel økt med alle deltakarane som stakk innom og som var kaffetørste. Nystekte kanelsnurrar er heller ikkje å forakte under sike forhold kunne vi observere.

Johannes Holter Kalseth (4 mnd.) var nok yngste deltakar og var mest oppteken av totten og smukka. Foto: Jon Olav Ørsal

Gunnøydilten starta valfritt frå Bønnavollan eller frå Halsabrua, og det var ein utruleg stor folkemengde som stakk innom hovudkvarteret og gapahuken i Gunnøya.  Det er omtrent same traseen som vart bruka i dag som no skal opparbeidast til eit meir formelt prosjekt som og vil gjera deler av anlegget tilgjengeleg for bevegingshemma. Ryddearbeidet har alt starta og i løpet av sommaren vil no maskinarbeidet starte. Da blir det lagt til rette for å bruke barnevogn på heile strekninga.

Vi har laga eit stor bildegalleri frå dagens arrangement – det viser at folk hadde det triveleg og sosialt, der dei fleste bila er frå Gunnøya og området ved gapahuken.  Alle foto: Jon Olav Ørsal

Publisert: 19. april 2019, 14:13