Å gi og endre lover er ei oppgåve som etter Grunnlova ligg til Stortinget. Ved krig og krigsfare, eller når sjølvstenda til riket er trua, gir likevel beredskapslova regjeringa høve til å gi føresegner av lovmessig karakter. Dette fordi det då vil vere behov for å handle svært raskt.
Flyktningkrisa i 2015 viste at det òg i fredstid kan oppstå ekstraordinære situasjoner der behovet for å handle raskt er til stades. I løpet av kort tid kom det tusenvis av menneske til norske kommunar, som fekk alvorlege problem med å skaffe husvære til alle utan å bryte plan- og bygningslova eller grannelova. I tillegg viste det seg umogleg å oppfylle ein del lovfesta rettar innan normal tid, til dømes alle born i skulepliktig alder sin rett til grunnskuleopplæring frå dag éin.
Eit stykke på veg klarte ein å bøte på dette ved at Stortinget ekspresshandsama endringar i lovgjevinga. Regjeringa meiner like fullt det er grunn til å vurdere om det burde innførast heimlar i lovgjevinga, der særskilte behov i ekstraordinære situasjonar tilseier at styresmaktene handlar raskt. Dette treng ikkje vere tale om krigsliknande situasjonar.
Les artikkelen gratis
Logg inn for å lese eldre artikler. Det koster ingenting, gir deg tilgang til arkivet vårt og sikrer deg en bedre brukeropplevelse.
Gå til innlogging medVi bruker aID som innloggings-tjeneste, med din aID-konto kan du enkelt logge inn på alle våre sider som krever dette.