Hopp til innhold

Frå knusktørt til rotblautt: – Ei umenneskeleg utfordring for bøndene

Potetene står i søkkvåte jorde, og bøndene kjem ikkje til for å hauste. Etter krisesommaren fryktar jordbruket fleire økonomiske tap etter store mengdar nedbør.

Vått jorde

Jordet på Voll i Rogaland er fullt av vatn etter rekordnedbør i september.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Etter ein ekstremt tørr sommar kom ein unormalt blaut haust.

Ved målestasjonen på Sola i Rogaland har det berre blitt målt så mykje regn i september éin gong tidlegare.

No slit bøndene på Jæren med å få avlingane i hus.

– Jorda er heilt våt. Det er ikkje mogleg å tenkje på å ta opp potetene her, seier Kjartan Skadsem.

Bonden er ute på sin daglege sjekkrunde. Heller ikkje i dag kan han hauste frå potetåkeren.

Kjartan Skadsem

Bonde Kjartan Skadsem ventar på betre vêr for å kunne hauste.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

Fryktar økonomiske tap

Søkkvåte jorde gjer at bøndene ikkje kjem til med traktorane sine. Så lenge det ikkje tørkar opp, vil rotvekstane kunne bli ståande og rotne.

Bøndene fryktar store økonomiske tap dersom dei ikkje får tatt opp grønsakene.

Norsk landbruksrådgiving anslår at opptil 40 prosent av potetavlingane framleis står i bløyt utpå jorda i Rogaland.

Vått jorde

Det er ikkje mogleg å kome til med maskinar på Voll på Jæren.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

– Faren er at regnet kan gå over i frost. Og når frosten kjem, er det ikkje vits å prøve eingong. Då rotnar potetene berre, seier Kjartan Skadsem.

Bonden har sjølv berre fått hausta 20 prosent av potetavlinga si.

Må ha betre vêr

– Vêret framover blir heilt avgjerande. Me risikerer at dei seine potetsortane berre blir ståande i jorda, seier Arne Vagle, seniorrådgjevar i Norsk landbruksrådgiving.

Han trur mange bønder er fortvila over situasjonen, og uroa for om avlinga kjem i hamn.

– Den siste månaden har vore fæl. No går eg berre og ventar på godt vêr, seier bonde Kjartan Skadsem.

Kjartan Skadsem

Kjartan Skadsem har berre fått tatt opp 20 prosent av avlinga.

Foto: Thomas Ystrøm / NRK

I september var det 25 nedbørsdagar på Jæren. Det er ti fleire enn normalen.

No bøndene kryssar fingrane for eit par dagar med opphaldsvêr. Og varselet lovar godt.

– Ei umenneskeleg utfordring

Kari Aarekol, seniorrådgjevar for grønsaker i Norsk landbruksrådgiving, skildrar ein fortvila situasjon:

Under varmen kunne ein ikkje hauste fordi jorda var for tørr. Men då regnet kom, var det for mykje i motsett retning.

– Dette året har vore ei umenneskeleg utfordring for bøndene, seier Aarekol.

– Eg beundrar dei produsentane som har mot til å gå på kvar dag. Men det er klart dei er slitne, seier ho.