Hopp til innhold

Ny avgift kan kosta tomatbøndene millionar

Klimagassutsleppa frå veksthus er halvert sidan år 2000. Nå kan ei ny CO₂-avgift kosta næringa 30 millionar kroner.

Tomater på klase i gartneri

Klasetomater på Hanasand gartneri i Rennesøy i Rogaland. I dette fylket skjer om lag 85 prosent av den norske tomatproduksjonen.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

CO₂ i atmosfæren
425,4 ppm
1,5-gradersmålet
+1,13 °C
Les mer  om klima

– Eg får truleg ei ekstrarekning på 700–800.000 kroner i året, seier tomatgartnar Stig Jakob Hanasand.

Han er ein av dei største produsentane i Rogaland. Om lag 20.000 kvadratmeter, eller 20 dekar med drivhus, har han på garden sin.

Tomatklase i forgrunnen, Stig Jakob Hanasand i gartneri

Stig Jakob Hanasand er ein av dei største tomatgartnarane i Ryfylke.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Saman med andre gartnarar frå fylket leitar tomatbonden nå etter ei løysing som kan erstatta naturgassen. 85 prosent av den norske tomatproduksjonen skjer i Rogaland.

Veksthusnæring i klimaklemme

Naturgassen kjem frå ei røyrleidning som Lyse Energi la ut i 2002. Då kunne gartnarane i Rogaland gå frå olje og parafinfyring til naturgass. Den gongen var det eit stort klimasteg framover.

Etter at Venstre kom inn i regjeringa, blei det bestemt at også veksthusnæringa må betala avgift på CO₂-en dei slepp ut.

Dersom CO₂-avgifta for naturgass blir 10 øre per kilowatt-time, må tomatbøndene og dei andre gartnarane i Rogaland ut med om lag 15 millionar kroner i året. For heile veksthusnæringa i Noreg er det snakk om det doble, altså om lag 30 millionar kvart år.

Sidsel Bøckman, seniorkonsulent Norsk Gartnerforbund

Seniorrådgjevar Sidsel Bøckman viser til at klimagassutsleppet har gått ned frå gartnarnæringa.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

– Det skjer trass i at næringa har redusert klimautsleppet med 50 prosent sidan tusenårsskiftet til i dag, seier seniorrådgjevar i Gartnerforbundet, Sidsel Bøckman.

Vurderer ny teknologi

Tomatbøndene har ingen moglegheit til å ta inn dei auka kostnadane ved å krevja høgare pris for tomatane sine. Produsentane har allereie problem med å få høg nok pris fordi konkurransen frå importerte varer er stor, ifølgje Bøckman.

Ei alternativ oppvarming er elektrisitet, men med høge kraftprisar etter ein tørr sommar, er heller ikkje det noko som fristar.

– Eg satsar på at me kan utvikla CO₂-fangst i drivhuset og at det kan gjera utsleppet mindre, seier Jan Terje Vignes, som eig Lauvsnes gartneri på Finnøy.

Jan Terje Vignes, dagleg leiar av Lauvsnes gartneri på Finnøy

Jan Terje Vignes er dagleg leiar av Lauvsnes gartneri på Finnøy.

Foto: Ingvald Nordmark / NRK

Han er opptatt av å utvikle teknologien med oppsamling av overskottsvarme på sommaren i eit slags batteri. Då kan den brukast til oppvarming om vinteren. Det er dette som blir kalla lagring i buffertankar.

Felles løysing

Uansett kva som blir den nye oppvarmingsmetoden, er gartnarane opptatte av å samla seg om ei løysing.

– Me har ikkje råd til å la vera å gjera noko, men me har heller ikkje råd til å gå inn på ei ny løysing som litt seinare viser seg å vera ei feilsatsing, seier Stig Jakob Hanasand.

– Ser det svart ut for deg som tomatbonde nå?

– Ja, fordi det eg kjem til å betala i CO₂-avgift kjem til å redusere overskottet og derfor også sjansen for å utvikle drifta av gartneriet mitt vidare, seier han.

Hanasand omsettar årleg for 30 millionar kroner. Med den nye avgifta ryk nesten ein av dei tre millionane gartnaren har i driftsmargin.