Hopp til innhold

Etter krasj i 240 kilometer i timen, måtte Caroline (31) lære å gå att

HALDEN (NRK): Caroline Olsen har heldt på å døy tre gongar. Likevel nektar ho å gi seg med roadracing.

Caroline Olsen i flyet på veg heim frå USA.

ØYDELAGD, MEN BLID: Caroline Olsen i flyet på veg heim frå USA for å få vidare behandling.

Foto: PRIVAT

– Morfar ville ikkje at eg skulle spele fotball, for han meinte eg fekk så stygge leggar. Eg lurer på kva han tenkjer no, med berre kutt, kutt, kutt overalt, seier Caroline Olsen til NRK.

Tre gonger har 31-åringen hamna i situasjonar som kunne enda fatalt. Ho har lege i koma og har brote det meste som går an å brytast av bein i kroppen.

Likevel stoppar ho ikkje.

Knust skulder

Det var då Olsen flytta til USA i 2013 dei ordentlege trykkane kom.

Caroline Olsen

BLANDA KJENSLE: Når Olsen skildrar tida i USA, var det like mykje nedtur som opptur.

Foto: Synne Sofie Christiansen / NRK

Ho drog over Atlanterhavet for å satse på motorsykkelsporten roadracing på fulltid, hadde fått seg eit nytt lag, og var full av draumar og forventning til det som skulle kome.

Det blei ikkje heilt slik som ho hadde tenkt, men ho angrar ikkje på valet.

På startstreken same år, hadde ho kvalifisert seg til å starte midterst i feltet. Då dommaren bles i gong løpet, gjekk det berre sekund før mange av motorsyklistane låg på den brennheite asfalten.

To førarar i front hadde krasja i kvarandre, og dominoeffekten fortsette bakover.

Roadracing-felt

STARTSTREKEN: Slik ser det ut i eit roadracing-felt før start.

Foto: PRIVAT

Olsen klarte å stoppe for føraren framfor seg, men det var ikkje nok. Ho vart påkøyrt av føraren bak og knuste skuldra.

Fire år seinare skulle det skje igjen.

Køyrde utan bremser

Under oppvarminga til eit løp i New Jersey, mista Olsen kontrollen over motorsykkelen.

I 240 kilometer i timen køyrde ho rett i veggen på grunn av problem med bremsane.

– Hadde eg køyrt rett fram eller prøvd å klare svingen, så hadde eg tatt med meg andre folk. Det var einaste moglegheit. Det er ganske bra at ein klarer å tenke slik når ein har kniven på strupen, mimrar Olsen.

Bremsecaliper.

IKKJE FESTA: Det var ein bremse-caliper på framhjulet som ikkje var festa skikkeleg. I Noreg er det påbode med låsetråd, som sikrar at bremsene held seg på plass. Slik er det ikkje i USA.

Foto: Synne Sofie Christiansen / NRK

Racerkvinna blei lagt i kunstig koma i to dagar, for i sjølve krasjen knekte ho bein i leggen, hadde knusingsskadar i kneet, to bresta ryggvirvlar, knekt kragebein, forslegne lunger og hjerneristing.

Caroline Olsen i flyet på veg heim til Noreg fra USA i 2019.

VED GODT MOT: Caroline Olsen på veg heim til Noreg.

Foto: PRIVAT

Likevel bar det rett attende på opptrening – for ho skulle opp att på sykkelen. Det var ikkje snakk om noko anna, sa ho i telefon til pappa Bjørn Erik.

Faren snudde seg til kona og spurte «Ho tenkjer vel ikkje seriøst på å fortsette å køyre etter dette?».

Karine Olsen, mor til Caroline Olsen

STØTTANDE: Mor Karine Olsen.

Foto: Synne Sofie Christiansen / NRK

– Han tykkjer det er heilt forferdeleg å følge med. Eg synest på mange måtar det og, men ein kan ikkje vere hysterisk. Ho får gjere det ho tykkjer er morosamt. Og viss det ikkje går fort nok, så veit eg at ho blir lei seg, seier mamma Karine Olsen.

Det har aldri vore noko tvil om at Caroline skal få drive med det ho elskar.

Dette er den eine gongen pappa har sagt at han skulle ynskje eg hadde funne på noko anna. Men det går berre ikkje, har eg sagt, og så vert det ikkje meir diskusjon rundt det, fortel Olsen.

Kunne ikkje gå

Året etter returnerte utøvaren nok ein gong til racerbana, og den sesongen skulle bli hennar beste år.

For første gong klaffa alt. Den indre drivkrafta gav ho personleg rekord på alle baner, ho hadde økonomien som trongst og eit knallbra team rundt seg.

Så snudde det – igjen.

Under eit løp i Pittsburgh fekk ho ein såkalla «high side». Det er ein kraftig rotasjon av sykkelen som kan skje i ein sving.

Krasjen var ikkje så brutal, seier ho. Det var sjølve landinga som var problemet.

I det eine augeblikket gjekk alt på skinne, og i det neste låg ho på rehabilitering på Sunnaas sjukehus. Der var ho i nesten tre månadar.

– Det var veldig spesielt, og det er så innmari trist at tida mi USA enda slik. Eg ynska meir tid, seier ho.

Bekkenet og eit bein i korsryggen var knekt. Rullestolen måtte bli hennar venn, for ho måtte lære seg å gå på nytt.

– Eg var ikkje sikker på om eg skulle fortsette køyringa etter det. Det var ikkje noko kjekt å bu dei månadane på Sunnaas og sjå korleis andre hadde det, seier ho.

Difor tok motorsyklisten eit steg tilbake, for å få livet på rett kurs. Tida blei brukt med venner og familie, og ho fekk seg ein ny jobb.

For første gong kunne ho berre vere seg sjølv, utan alt styret rundt.

Men så kom tankane. «Kven er Caroline utan racing?»

– Det er noko med det adrenalinet som er vanskeleg å gi slepp på. Det er som eit dop, seier ho.

Caroline Olsen sitt røntgen-bilete. Skruer i bekkenet.

SKRUAR: Olsen fekk sett inn ein ekstern fiksator i sjølve bekkenet, for å halde det på plass.

Foto: PRIVAT

Tøff periode

Teamsjef og trenar Anita Sæther møter NRK med tårer i auga.

Ho har vore ved Olsen si side gjennom heile karrieren, og var igjen i depotet då ho returnerte til racerbana på Rudskogen laurdag, nesten to år etter den siste, brutale skaden.

Anita Sæther og Caroline Olsen

NÆRE: Anita Sæther og Caroline Olsen.

Foto: Synne Sofie Christiansen / NRK

Mannen hennar, Chris Sæther, var sjølv i eit horribelt krasj på Rudskogen for 16 år sidan.

Han blei floge i luftambulanse til Ullevål sjukehus, medan kona køyrde i bil. Ho visste ikkje om mannen var i live før ho kom fram. Heldigvis gjekk det bra med Sæther.

– Det har vore nokre tøffe tak på den fronten, så eg kjenner litt på det. Caroline er den dottera eg aldri fekk, seier Sæther.

Tårene pressar på.

– Då eg møtte ho på Sunnaas med stålbøyel og jarn tvers gjennom kroppen ... Det var tungt. Eg håper jo alltid at det går bra når ho køyrer, men så sit dei tøffe tinga i bakhovudet.

Caroline Olsen på Sunnås sjukehus med brekt bekken.

STÅL: Slik såg Olsen ut.

Foto: PRIVAT

Tar kontroll over livet

Likevel reiser Olsen seg gong etter gong etter vanskelege periodar.

– Ho har ein fighterevne. Eg trur vi har mange toppidrettsutøvarar som ikkje er i nærleiken, sjølv om dei har eit støtteapparat verdt titals millionar, seier teamsjefen.

Det er vanskeleg å fatte at Olsen ikkje har kasta inn handkledet etter alle skadane. Kanskje seier det alt om personen og idrettsutøvaren Caroline Olsen.

– Det handlar om å ikkje gi opp. Finne det positive og ta lærdom av det. Ein skade skal ikkje diktere mitt liv. Eg har sjølv lyst å setje premissane for mi karriere, seier ho og fortset:

– Når eg legg hjelmen på hylla er det fordi eg bestemmer det sjølv.

Hennar historie håpar ho mange kan dra nytte av. Ein må aldri gi opp draumen sin.

Caroline Olsen

RASK: Caroline Olsen er blant dei raskaste kvinnelege motorsyklistane i Norden.

Foto: NRK Sport

Sportsnyheter

Duplantis fikk «blackout» etter verdensrekorden: – Man blir helt hysterisk

Stavkongen Armand Duplantis forbedret sin egen verdensrekord i det NRK-sendte Diamond League-stevnet i Xiamen. Da tok det helt av på arenaen og i kommentatorboksen.

Siste nytt

  • Casper Ruud til finale i Barcelona

    For andre gang på en uke er Casper Ruud klar for finale. Han vant 7–6 (8-6), 6–4 mot argentinske Tomas Martin Etcheverry i ATP-turneringen i Barcelona.

    I søndagens finale venter Stefanos Tsitsipas eller serbiske Dusan Lajovic.

    Casper Ruud
    Foto: JOSEP LAGO / AFP
  • Karina Sævik ble Vålerenga-helt med to perlemål

    Karina Sævik scoret begge målene da Vålerenga slo Røa 2-0 i Toppserien lørdag ettermiddag. De blåkledde fra Oslo øst står med to seirer etter to kamper i Toppserien.

    Onsdag vanter nok et lokaloppgjør for VIF når Stabæk kommer på besøk.

    Toppserien fotball 2023: Vålerenga - LSK Kvinner
    Foto: Lise Åserud / NTB
  • Hansen og Barcelona med kjempesmell i semifinalen

    Caroline Graham Hansen og Barcelona er storfavoritter til å vinne mesterligaen, men røk på et bananskall i første semifinalekamp mot Chelsea. Det endte med 0-1-tap.

    Erin Cuthbert ble kampens eneste målscorer like før pause, og de blåkledde tar med seg en 1-0-ledelse til returoppgjøret i London neste lørdag.

    Chelseas Guro Reiten kom inn som innbytter på overtid, mens Ingrid Syrstad Engen ble byttet ut etter en drøy time. Hansen spilte hele kampen for Barcelona.

    Spain Soccer Champions League
    Foto: Jose Breton / AP

Sendeplan

Kl. Program Kanal